Viser innlegg med etiketten Kylling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kylling. Vis alle innlegg

tirsdag 30. oktober 2012

Wok med kylling og sursøt saus

Eg driv og prøver meg på litt asiatisk mat for tida. Er veldig glad i kinesisk mat men har vært litt skeptisk til å lage dette sjølv. No har eg kjøpt meg ei kokebok som heiter Asiatiske fristelser og der er det mykje spanande. I tillegg til alt det gode ein kan finne på nettet.
I dag vart det en safe klassiker men denne gangen med heimelaga sursøt saus i stadenfor Uncle Ben sin :)

Dette treng du til 4 porsjoner:

  • 4 stk kyllingfilet
  • 1 stk rød paprika
  • 1 stk grønn paprika
  • 1 ts finhakket frisk ingefær (kan sløyfast)
  • 1 ts finhakket rød chili (kan sløyfast)
  • 1boks vannkastanjer
  • 1 boks hermetisk ananas i ringer (liten boks) 
  • 6 ss sukker
  • 6 ss soyasaus
  • 4 ss eddik, 7 %
  • 2 ss tomatpuré
  • 2 dl hønsebuljong (utblandet)
  • 2 ss maizenna
 Slik gjer du det :-)

 Skjær kyllingfilet i tynne strimler og paprika i biter.

Varm olje i ei wokpanne. Start med å steike kyllingkjøttet og brun det raskt ved høg temperatur.
 
 Dryss salt og pepar over.

Ha i paprikabiter, ingefær og chili og la det surre til paprikaen er nesten mør. 
Legg i vannkastanjer og ananasbiter til slutt.

Tilsett ananassaft, sukker, soyasaus,
 
 eddik,
 
 tomatpure og hønsebuljong. Varm raskt opp og jevn sausen med maisenna utrørt i litt kaldt vann. Kok opp før servering.

Server wokretten med kokt ris eller kokte nudler.











mandag 22. oktober 2012

Kyllinggryte med karri

Det er kanskje fleire der ute som pleier å kjøpe Toros Bali kyllinggryte. Eg skal no prøve å vise at du kan lage ei like god kyllinggryte fra botnen av og like raskt om ikkje raskare. Forhåpentligvis vil du og synast at den smakar betre. Det syns iallefall eg.
Dette treng du til 4 porsjonar:
650g Kyllingfilet
1ss Matolje/olivenolje
2ts Karri
1stk Finhakka lauk
1ts Smør
2,5dl Vatn
2dl Lettmjølk
2stk Hønsebuljongterningar
1stk Eple
1stk Raud paprika
1ss Maizenna lys
0,5beger Lett crème fraîche

Slik gjer du det:-)

Skjær kyllingen i strimler eller terningar.
Ha det i ein plastpose med oljen og halvparten av karrien.
 Gni posen slik at innholdet fordelar seg.
Steik kjøtet i raskt i smelta smør til gylden. Sett kyllingkjøttet til siden.

Ha lauk, smør og resten av karrien i ei gryte og steik under omrøring på middels varme til lauken er blitt mjuk.
 Tilsett vatn, mjølk og buljongterningar. Kok opp.

Skrell eplet og rens paprikaen. Kutt dette i terningar.
 
 Ha kjøtt, eple og paprika i panna og kok opp.
Lag ei jevning med kaldt vatn og maizenna, rør det inn i gryten under omrøring. 
 
La det småkoke i ca 5 minutter og rør inn crème fraîche rett før servering.


Serveres med ris og sukkererter eller eventuelt andre grønnsaker. Bruk gjerne villris dersom du har det.














torsdag 18. oktober 2012

Chilikylling med kvitlaukspotetstappe

Det er godt med mat som smaker.
Som eg sikkert har nevt tidlegare så er eg glad i kylling i alle slags former.

Eg pleier å krydre eller marinere den i en frysepose og lar den ligge i kjøleskapet nokre timar.
Dette treng du til 2 porsjonar med chilikylling:
2-3 kyllingfiletar
1ss paprikapulver
1ss kvitlaukspulver
1ss chiliflak
0,5ss olivenolje.

Slik gjer du det:-)
Ha alt i en pose. 
 
Gni krydder
 
 og olje godt inn i kyllingfilet og sett kaldt til den skal steikast.

Steik kyllingfiletene i ei panne i 4-5 minutt på kvar side. Ha på salt og pepper. La filetene kvile mens du lager mosen ferdig. 

Oppskrifta på Kvitlauksstappen finn du her


Server med grønnsaker, evt frossen grønnsaksblanding.

tirsdag 18. september 2012

Kylling med Potet- og sellerimos

Eg prøver å holde den sunne linje i vekene. Sjølv om eg legg ut mange innlegg med kaker og diverse bakst så er det sunn mat som først og fremst er i fokus. Det viktigaste for meg er derimot at det er heimelaga mat med god næring og skikkelige råvarer. Oppskrifta har eg lånt fra vektklubb.no.
Dette treng du til 2 porsjoner:
  • 200 gram Kyllingfilet
  • 0,5 ss Olivenolje
  • Potet- og sellerimos
  • 4 stk Potet
  • 100 gram Sellerirot
  • 1,5 dl Mjølk, ekstralett
  • 1 ss Margarin
  • Salt
  • Pepper
  • 300 gram Amerikansk grønnsaksblanding
 Slik gjer du det :-)
Skrell poteter og sellerirot, skjær i små terninger og legg over i ei panne med kokande vatn. Kok i ca 10 minutter eller til sellerirota er mør.
Steik kyllingfiletene i ei panne i 4-5 minutt på kvar side. Ha på salt og pepper. La filetene kvile mens du lager mosen ferdig.
Sil av vatnet på poteter og selleri. Tilsett halvparten av mjølka og mos poteter og selleri sammen. Spe med mjølk til passe tjukkleik. Smak til med smør, salt og kvernet pepper.
Server kyllingfilet på potet- og sellerimos gjerne i følge med brokkoli, blomkål, asparges, gulrot, babymais- eller ei god grønnsaksblanding. 









torsdag 1. mars 2012

Kyllinglasagne

Eg elsker kylling og eg elsker pasta. Når eg slår disse to sammen så er eg godt inni komfortsona mi både når det gjelder kokkelering og når det gjelder å ete :-)

Oppskrifta som eg bruker er en blanding av Grete Roede sin oppskrift og min egen.

Dette treng du til 4 personer:
Kjøttsaus:
4 kyllingfileter i strimler
1 raudlauk
2 gulrøtter i terningar
0,5 raud chili, finhakka uten frø
1ts Olivenolje
1 boks grovhakkede tomater
1ss Tomatpure
2dl vatn
1 terning hønsebuljong
1ts paprikapulver
1ts oregano
1/2ts kvit pepper.

Ostesaus:
6dl lettmelk
2ss maizenna, lys
1/2ts salt
1/2ts pepper
1/4ts revet muskat
1dl revet kvitost

6-8 lasagneplater
150 revet ost ( eg bruker en blanding av mozzarella og Norvegia )

Sånn gjer du det :-)
Brun kyllingfiletane i ei panne med olje.
Finnhakk løken og ha den i saman med gulrøttene.

Hell i vatn,tomatpure,  hermetiske tomater og hønsebuljongen.


Kok opp og smak til med krydder.



Lag ei jevning av maizenna og litt av mjølka. Kok opp resten av mjølka og ha jevningen i. Smak til med salt, pepar og revet muskat. Ha i ost og la denne smelte. 


Legg lasagneplater, kjøttsaus og ostesaus lagvis i ei brødform. 
Dryss over revet ost til slutt.







Steik på midterste rille ved 200°C i 35-40 minutter. 


Server saman med en god salat og gjerne Heimelaga Foccaccia brød .

tirsdag 17. januar 2012

Pizza med creme fraiche, kylling og chorizo




Ein av mine favorittblogger er Storemyras Matblogg. Der har eg fleire gonger sett oppskrift på ein pizza kor ein bruker creme fraiche i staden for tomatsaus. Dette fant eg ut at eg måtte prøve :-)

Dette treng du:
PIZZADEIG:
3,5 dl vatn
Ca 7 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts bakepulver
50 gram gjær
5 ss olivenolje

Slik gjer du med deiga :-)
Bland saman dei tørre ingrediensane og tilsett lunka vatn. Elt innn mjølet litt etter litt. Bruk ikkje meir enn nødvendig. Ein grei hovudregel er at det er betre at deiga er laus og litt klissete, enn hard og kompakt. Set deretter til heving til deiga har dobbel størrelse.

No hadde eg deig klar i fryseren så du får nok ikkje sjå korleis eg gjer det i dette innlegget men skal nok komme tilbake til det i eitt seinare innlegg. Eit tips er altså å lage fleire pizzabotner når du først baker frys dei ned stykkevis :-)

 Til fyllet treng du:
1 boks creme fraiche
1 raud chili
2 kyllingfiletar
Salt
Peppar
8-10 skiver chorizopølser
10 perletomatar
1/2 purre
1/2 boks mais
300gram reven ost. 
Bruk den du likar best, personlig syns eg mozzarella er den beste på pizza.


 Slik lager du fyllet :-)
Finhakk chilien og rør den inn i creme fraichen. Dersom du vil ha ein mild versjon, tek du ut frøa. For ein hottare versjon beheld du frøa. Smør blandinga utover pizzadeigen.
Del kyllingfiletane opp i strimlar og kryddre dei. Steik deretter raskt i olje slik at dei får ei fin steikeskorpe rundte det heile. Fordel utover pizzadeigen. Strimle opp chorizopølsene og fordel utover. Del perletomatane i to. Skjær løken opp i halve ringar og paprikaen i litt kraftige strimlar. Fordel alle grønnsakene utover pizzaen og topp med osten.



 

onsdag 4. januar 2012

Marinerte kyllinglår

Kyllinglår er lettvint, sunn og god mat. I dag tar eg den marinerte varianten.
Marinade lager man enkelt og lettvint slik:



Til 2 pers trenger du:


1ts chiliflak   ( Eg har kjøpt min pakke på innvandrerbutikk men du kan nok finne dette i gode matvareforretninger også)
10 sorte pepperkorn
1/2ts oregano
2ts paprikapulver
1ts kvitløkpulver
3ss olivenolje
1ss soyasaus

Ha krydderet i en morter og knus det godt.
Ha krydderblandingen sammen med olje og soyasaus i en plastpose. Legg så kyllinglårene oppi og bland godt. Legg dette kaldt gjerne over natt men minst eit par timer slik at smakene trekker seg godt inn i kyllinglåra.

Varm steikeovnen til 200 grader.
Ha kyllingen i ildfast form pass på å få med marinaden også slik at du kan bruke den som saus.
Steik i ca 35minutter. Ønsker du sprøere skinn kan du skru opp varmen de siste minuttene.

 I dag var det meir eller mindre tomt i kjøleskapet så eg måtte i fryseren og finne en pose med Wok grønnsaker men det funker fint det også. Brukte denne typen i dag 


Server med ris og grønnsaker.