tirsdag 17. januar 2012

Pizza med creme fraiche, kylling og chorizo




Ein av mine favorittblogger er Storemyras Matblogg. Der har eg fleire gonger sett oppskrift på ein pizza kor ein bruker creme fraiche i staden for tomatsaus. Dette fant eg ut at eg måtte prøve :-)

Dette treng du:
PIZZADEIG:
3,5 dl vatn
Ca 7 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts bakepulver
50 gram gjær
5 ss olivenolje

Slik gjer du med deiga :-)
Bland saman dei tørre ingrediensane og tilsett lunka vatn. Elt innn mjølet litt etter litt. Bruk ikkje meir enn nødvendig. Ein grei hovudregel er at det er betre at deiga er laus og litt klissete, enn hard og kompakt. Set deretter til heving til deiga har dobbel størrelse.

No hadde eg deig klar i fryseren så du får nok ikkje sjå korleis eg gjer det i dette innlegget men skal nok komme tilbake til det i eitt seinare innlegg. Eit tips er altså å lage fleire pizzabotner når du først baker frys dei ned stykkevis :-)

 Til fyllet treng du:
1 boks creme fraiche
1 raud chili
2 kyllingfiletar
Salt
Peppar
8-10 skiver chorizopølser
10 perletomatar
1/2 purre
1/2 boks mais
300gram reven ost. 
Bruk den du likar best, personlig syns eg mozzarella er den beste på pizza.


 Slik lager du fyllet :-)
Finhakk chilien og rør den inn i creme fraichen. Dersom du vil ha ein mild versjon, tek du ut frøa. For ein hottare versjon beheld du frøa. Smør blandinga utover pizzadeigen.
Del kyllingfiletane opp i strimlar og kryddre dei. Steik deretter raskt i olje slik at dei får ei fin steikeskorpe rundte det heile. Fordel utover pizzadeigen. Strimle opp chorizopølsene og fordel utover. Del perletomatane i to. Skjær løken opp i halve ringar og paprikaen i litt kraftige strimlar. Fordel alle grønnsakene utover pizzaen og topp med osten.



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget