tirsdag 18. september 2012

Kylling med Potet- og sellerimos

Eg prøver å holde den sunne linje i vekene. Sjølv om eg legg ut mange innlegg med kaker og diverse bakst så er det sunn mat som først og fremst er i fokus. Det viktigaste for meg er derimot at det er heimelaga mat med god næring og skikkelige råvarer. Oppskrifta har eg lånt fra vektklubb.no.
Dette treng du til 2 porsjoner:
  • 200 gram Kyllingfilet
  • 0,5 ss Olivenolje
  • Potet- og sellerimos
  • 4 stk Potet
  • 100 gram Sellerirot
  • 1,5 dl Mjølk, ekstralett
  • 1 ss Margarin
  • Salt
  • Pepper
  • 300 gram Amerikansk grønnsaksblanding
 Slik gjer du det :-)
Skrell poteter og sellerirot, skjær i små terninger og legg over i ei panne med kokande vatn. Kok i ca 10 minutter eller til sellerirota er mør.
Steik kyllingfiletene i ei panne i 4-5 minutt på kvar side. Ha på salt og pepper. La filetene kvile mens du lager mosen ferdig.
Sil av vatnet på poteter og selleri. Tilsett halvparten av mjølka og mos poteter og selleri sammen. Spe med mjølk til passe tjukkleik. Smak til med smør, salt og kvernet pepper.
Server kyllingfilet på potet- og sellerimos gjerne i følge med brokkoli, blomkål, asparges, gulrot, babymais- eller ei god grønnsaksblanding. 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget