mandag 22. oktober 2012

Kyllinggryte med karri

Det er kanskje fleire der ute som pleier å kjøpe Toros Bali kyllinggryte. Eg skal no prøve å vise at du kan lage ei like god kyllinggryte fra botnen av og like raskt om ikkje raskare. Forhåpentligvis vil du og synast at den smakar betre. Det syns iallefall eg.
Dette treng du til 4 porsjonar:
650g Kyllingfilet
1ss Matolje/olivenolje
2ts Karri
1stk Finhakka lauk
1ts Smør
2,5dl Vatn
2dl Lettmjølk
2stk Hønsebuljongterningar
1stk Eple
1stk Raud paprika
1ss Maizenna lys
0,5beger Lett crème fraîche

Slik gjer du det:-)

Skjær kyllingen i strimler eller terningar.
Ha det i ein plastpose med oljen og halvparten av karrien.
 Gni posen slik at innholdet fordelar seg.
Steik kjøtet i raskt i smelta smør til gylden. Sett kyllingkjøttet til siden.

Ha lauk, smør og resten av karrien i ei gryte og steik under omrøring på middels varme til lauken er blitt mjuk.
 Tilsett vatn, mjølk og buljongterningar. Kok opp.

Skrell eplet og rens paprikaen. Kutt dette i terningar.
 
 Ha kjøtt, eple og paprika i panna og kok opp.
Lag ei jevning med kaldt vatn og maizenna, rør det inn i gryten under omrøring. 
 
La det småkoke i ca 5 minutter og rør inn crème fraîche rett før servering.


Serveres med ris og sukkererter eller eventuelt andre grønnsaker. Bruk gjerne villris dersom du har det.














3 kommentarer:

  1. Åh, nå kan jeg lage kyllinggryte!! Tusen takk!

    SvarSlett
  2. Nam!! Ser utruleg godt ut! Dette må eg prøve! :D
    Takk!

    - Elisabeth

    SvarSlett
  3. Min favoritt på kina restaurant er Kylling i karry. Min drøm er å lage det. Kan du hjelpe med oppskrift?

    SvarSlett

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget