Viser innlegg med etiketten Helgas fristelse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helgas fristelse. Vis alle innlegg

onsdag 31. oktober 2012

Dreamy Chocolate, banana and dots cupcakes

Dette er ei oppskrift som stammer frå Manuelas passionforbaking. Eg har gjort den litt om til å passe bedre til det eg hadde i skapa mine. Dei er så gode at du treng egentlig ikkje å ha på nokon icing, krem eller anna stasj. 

Dette treng du til ca 30 vanlige cupcakes:
200 gram smør
3 dl sukker
4 egg
5 dl vaniljesaus
500 gram mjøl
2 ts bakepulver
100 gram sjokolade
2 modne bananer
1 pk dots kjeks.
Sånn gjer du det:-) 
 Miks smør og sukker heilt mjukt og "fluffy"
Tilset ett egg om gangen
og miks mellom kvart egg i 1-2 minutt.
Sikt mjøl og bakepulver minst 3 ganger….
Bland mjøl-blandinga
og vaniljesausen i røra og rør det godt sammen 
 
til ei smooth blanding
Mos bananene,

 del Dots kjeksa i små biter og hakk sjokolade.


Hell det i røra, 

og rør det godt sammen.
Legg cirka 1 iskrem skei med røre i kvar cupcake form. 
Steik på 200°C i cirka 20-25 minutter.
Avkjøl heilt etter steiking.  


















     

fredag 12. oktober 2012

Helgas fristelse - Oreokake

Denne veka har eg og mi firbente venninde Tinka hatt husmorferie på hytta. Det har derfor ikkje blitt rare matlaginga og dermed også lite blogging.
No ryktast det derimot at husfrua her bursdag ein av dagane så då må det bakast litt. Det blir gjort provisorisk og uten flotte pynta kaker men dei smaker akkurat like godt fordiom :-) Det blir heller ikkje noko særlig med bilder då kamera mitt er igjen heime :(

Du treng:
Til botnen:
2pk Oreokjeks
75g Smør

Til fyll:
1pk Philadelphia Naturell, evt 200g tilsvarande ost
3dl Piska kremfløyte
2dl Melis
1ts Vaniljesukker

Til sjokolademousse:
100g Mørk sjokolade
2ss Melis
1/4dl sterk kaffi
2 eggeplommer
2dl Kremfløyte

Sånn gjer du det:-)
Oreokjeksa knuser du godt.
 Enten i foodprosessor eller ved å ta dei i ein pose og delje laus på dei med ei kjevle, hammer aller noko anna du måtte ha for handa.
Smøret smeltes og blandes sammen med kjeksa. Ha massen i en 24cm kakeform.

Kremfløyten til fyllet må være piska. Ha i melis, vaniljesukker og philadelphia osten. Rør til du har fått en tjukk, glatt og kremete konsistens.
Ha fyllet over kjeksmassen i kakeforma.

For å lage sjokolademousse bryt du sjokoladen i biter og smelter den i en bolle over vannbad.
Ta skåla av varmen når sjokoladen er glatt og blank. Bland i melis, kaffi og eggeplommer. Pisk kraftig til du får en glatt og fin krem.
 Sett til siden og avkjøl.
Pisk kremfløyte. Når sjokoladekremen er avkjølt vender du inn den piska kremfløyten.
Ha moussen over osteblandingen.

La stå kaldt til det stivner.

Pynt kaka med knuste oreokjeks, sjokoladehjerter, mokkabønner eller noko anna godt.








søndag 16. september 2012

Helgars fristelse - Oreosvingar

Dette oppskrifta fann eg på Storemyras Matblogg og den såg så fristande ut at eg berre måtte prøve den.
Oreokjeks og oreokake er noko mannen i familien er glad i og eg skal vel innrømme at det smakar ikkje så aller værst. Bollane vart iallefall knallgode.
Dette treng du:
5 dl mjølk
100 gram smør
1 dl sukker
50 gram gjær for søte deiger
1 egg
1/2 ts kardemomme
Ca 1000-1100 gram kveitemjøl
FYLL:
125 gram smør
50 gram sukker
100 gram knuste oreokjeks 

Slik gjer du det :-)
Kok opp smør og mjølk, og kjøl deretter ned att til 37-40 grader, alt etter om du brukar fersk eller tørr gjær. Tilsett dei tørre ingrediensane i ein bakebolle eller kjøkkenmaskin. Slå i mjølkeblandinga og kakk i egget. Bland deigen saman og kna til du har ei glatt og smidig deig som slepp bollen.Ha ikkje i alt mjølet på ein gang, men elt det inn litt etter litt. Då har du kontroll på deigen og slepp å ende opp med knallharde, tunge og kompakte bollar. Nyttar du kjøkkenmaskin tek du og i mjølet litt etter litt, og let maskina jobbe til du har ei glatt og smidig deig som slepp bollen.
 Set deiga lunt til heving anten under lokk eller under plast til den har oppnådd dobbel størrelse, ca 1 time.  
Køyr smøret mjukt og tilsett sukker. Pisk til det vert lyst og luftig. Tilsett deretter oreokjeksa og bland godt inn.
 
Slepp deiga ned på bakebenken/bordet. Dryss mjøl over og kna deigen lett saman. Kjevle deretter ut til ein kvadratisk leiv.
 Smør fyllet over leiven rull sammen som ei pølse. 
Kutt i passe store størrelse, sett bollen på høykant og trykk den litt ned. Slik at det blir sjåande ut som ein kanelsnurr.

Steik på 200°C i 18-20 minutt.





 

søndag 9. september 2012

Banoffee pie

Denne helga har det vært kaldt. Det har hagla, det har vært solskinn, det har regna og det har vært kaldt.
Lørdagen vart brukt til å ommøblere heile stova. For å belønne oss sjølv tenkte eg at eg skulle prøve den tradisjonelle engelske Banoffee Pie. Dette er ei kake som eg har sett på mange Matprogram på BBC men eg har aldri prøvd å lage den. 
Her er iallefall oppskrifta så du kan prøve du også. OBS OBS teller du kalorier så kan du nok bare bla videre til ei anna oppskrift :-)
Dette treng du:
Til Botnen:
250g digestive kjeks, ingefærkjeks eller lignende.
100g smør

Til karamellen:
175g smør
150g sukker
1bx Kondensert mjølk ( Vikingmelk eller lignande) Eg kjøper mine på AsiaShop.
Bruker du mjølk som allerede er sukret så reduser smør og sukker til 100g pr del.

2 bananer i skiver
3 dl kremfløyte
Raspa sjokolade, evt sjokoladeflarn eller daimkuler

Sånn gjer du det :-)
Bunn:
Smelt smør og knus kjeks. Bland dette sammen.
Press det utover en paiform eller springform med laus botn. Avkjøl i minst 30 minutter mens du lager toffee.

Toffee:
Bland smør og sukker i ei teflonbelagt panne og varm det på svak varme til smøret er smeltet og sukkeret er oppløst.

 Hell i kondensert mjølk. Kok opp på middels varme mens du rører uavbrutt. La det småkoke til det har lys karamellfarge, ca 30 minutter. Rør av og til.

Hell det over kjeksbotnen og avkjøl i kjøleskap til kort tid før den skal serveres.

Pisk krem.

Løsne kaka fra formen og legg den på kakefat. Legg bananer i skiver utover kaka, hold av litt til pynt. Dekk kaken med krem og pynt med bananskiver og sjokoladestrø.













mandag 27. august 2012

Saftig plommekake

Eg merker det i kvar del av kroppen min. Det nærmar seg haust. Stiv og støl av rå kveldskulde men framleis har vi sol og gode dagar.  Man skal kose seg om hausten. I mørket skal man nyte ein kopp te og eitt lite kakestykke. Gjerne ett kakestykke som er metta av frukt. Vanligvis er det eplekaker eg pleier å lage men i helga var eg på Stårheim og kjøpte fem kilo plommer. Då tenkte eg at eg skulle no prøve å lage ei god plommekake. Etter prøving og feiling så vart det til denne oppskrifta.

God fornøyelse!



Til kaka treng du:
160 g smør
145 g sukker
3 egg
1 dl mjølk
240 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
2ts vaniljesukker
ca. 450 g plommer
2-3 ss perlesukker 


Sånn gjer du det :-)
 Pisk smør og sukker lyst og luftig.   
 Rør inn ett og ett egg.   

 Tilsett mjølka vekselsvis med mjøl iblanda bakepulver.
                       

           
 Hell røra i ei smurt form, ca. 24 cm i diameter.

Del plommene og ta ut steinene. Dekk formen med halve plommer og fordel dem i formen. Dryss over perlesukker. Steik kaka på nederste rille i steikeovnen ved 175 °C i 50-60 minutter.


 Kaka slepp kanten av formen når den er ferdig. Avkjøl kaka i formen eller server den lun med pisket kremfløte.




lørdag 11. august 2012

Ailins sveler - med Stevia i stedet for sukker

Eg har jo gjort sunnmøring av meg og då må eg jo prøve meg på svelene. Vi bruker jo og sveler i fjordane men då med anna fyll. Her oppe bruker ein gjerne smørkrem eller brunost. Eg liker dei derimot godt med jordbærsyltetøy og rømme. 

Driver og prøver å skulle kutte ut for mykje sukker så denne oppskrifta blir derfor laga med stevia. En naturlig urt som lager søtsmak men som ikkje skal være farlig for kroppen.



Dette treng du til ca 20 sveler:
 

5 egg
1 strøken ts med steviapulver ( eller 2dl sukker )
1l kulturmjølk
4ss smelta smør
1ts natron
1ts hornsalt
ca 10dl kveitemjøl

Sånn gjer du det:-)
Egg og steviapulver
Egg og sukker røres.


Kulturmjølk røres inn


Det tørre siktes inn litt etter litt



Hjortetaksalt og Natron er to viktige ingredienser for Sveler

 Settes litt (en halvtime, om du har tid) til svelling og steikas gyldenbrune. For aller best resultat bør takke brukes til steking, men det går også fint å steke i en moderne stekepanne (Teflon etc.)
Når kakene bobler godt og er nesten tørket inn på overflaten så er det på tide å snu
Fort gjort å steike opp ei røre når det er plass til 4-5 sveler på takka om gangen

mandag 30. juli 2012

Campavlova

Sjølv om ferien stort sett har blitt brukt på campingvogna så har det blitt litt baking. 
I helgen vart det en av mine personlege favoritter som vart produsert, nemlig Pavlova.

Kaka er oppkalt etter den russiske balettdanserinna Anna Pavlova. Den er lett, frisk, deilig og smelter i munnen. I tillegg er den faktisk veldig enkel å lage. Vil du prøve?

Dette treng du:
Marengsbunn:
5 eggehviter
1/4 ts salt
2 dl sukker

Sånn lager du botnen;-)
Pisk eggekviter sammen med litt salt.
Ha i sukkeret litt etter litt.
Pisk i ca 10 minutt.
Teikn ein sirkel på eit bakepapir og fordel marengsen i sirkelen. Steik på 125°C i ca 1,5 time midt i ovnen.
Ha over ein boks med vaniljekrem fra Piano.
Pisk en boks med kremfløyte til krem og hell denne over vaniljekremen.
Pynt med sesongens frukt og bær.
Jordbær, blåbær, Kiwi, bringebær, Moreller, Druer.. Bruk akkurat det du har lyst på :)
 

torsdag 14. juni 2012

Campingkake med sjokolade

Den siste veka har eg vore på campingvogna for meg sjøl. Stille og fredelig. Eg har riktig fått slappa av.
I morgon kjem min kjære for å være sammen med meg i helga og da tenkte eg at eg måtte prøve den nye hybelkomfyren til å mekke i hop ei sjokoladekake.



Dette treng du:
4 egg
5dl sukker
300g smør
9dl kveitemjøl
2ts bakepulver
4ss kakaopulver
3dl heilmjølk

Til glasuren treng du:
3,5dl melis
2ts kakao
100g smør
2ss nugatti
1ts vaniljesukker
3ss sterk kaffi

Sånn gjer du det :-)

Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Tilsett smelta smør

Vend i kako

mjøl og bakepulver forsiktig i deigen.

Tilsett mjølka og bland godt. 

Hell røra i ei bakepapirkledt langpanne 30x40cm

Steikast på nederste rille ved 180 grader i 30-40 minutter

Bland sammen ingrediensane til glasuren og spre denne over kaka.
Pynt etter ønske.

Sia eg er på camping så vart det ikkje så mykje pynting med meg men eg er sikker på at kaka smaker akkurat like godt uansett.