Viser innlegg med etiketten Fisk og sjømat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fisk og sjømat. Vis alle innlegg

torsdag 2. oktober 2014

Lisøybuda's helt eigen fiskegrateng

Eg er lei av å kjøpe fiskeprodukter som nesten ikkje inneheld fisk. Derfor så lager eg det sjølv. 
Dagens middag vart ein fiskegrateng som er så full av godsaker at ein ikkje treng poteter attåt. Du kan sjølvsagt godt servere den saman med litt revne gulrøtter.

Dette trur eg du vil få den mest kresne til å ete... bare kall det makaronigrateng eller noe anna lurt ;)
Dette treng du til 6 porsjoner: 
  • 6dl kokt fisk (bland gjerne forskjellige fiskeslag)
  • 1,5dl sikta kveitemjøl
  • 500g kokt fullkornsmakaroni
  • 1ts revet muskat
  • 2egg
  • 3ss smør
  • 8dl mjølk
  • 1dl revet kålrabi
  • 2dl brødrasp
  • salt og pepar 
Slik gjer du det
Rens fisken for bein og kok makaroni som anvist på pakken
Smelt smør i ei panne, tilsett mjøl og rør godt. Tilsett mjølka litt etter litt og rør til du får ein glatt og fin saus. Ha i muskat og smak til med salt og pepar. 

Skill egga og pisk plommene inni sausen. Vær rast med piskinga slik at plomma ikkje skil seg. Og husk at det ikkje må koke etter du har hatt i egga. 

Bland fisk, kålrabi, makaroni og saus.

Pisk eggekvitene. Brett dei forsiktig inn blant resten og ha det heile i ei smurt, ildfast form. 
Ha på brødrasp.
Steik ved 200 grader i 40 minutt.




torsdag 27. september 2012

Stekt sei med gulrot- og sukkerertstuing

Sei har for meg vært nærast kattemat. Einaste eg har ete av sei har vært seibiff sånn dann og vann.
No har eg prøvd meg på ei ny oppskrift og dette vart noko anna enn å spise stekt sei med løk.
Værsegod og prøv :-)

Til 4 porsjoner treng du:
  • 600 gram Sei
  • 4 ts Margarin
  • 4 stk Gulrot
  • 280 gram Sukkererter
  • 2 ss Kveitemjøl
  • 2 dl Lettmjølk
  • Salt og pepper
  • Muskat eller karri etter ønske

Sånn gjer du det:-)
Lag ei blanding av mjøl, salt og pepper.
 
 Vend seien, som er skåret i serveringsstykker, i mjølblandinga og steik dem gyllent brune i margarin. 
Stuingen lager du slik: Kok gulrot og sukkererter skåret i biter møre i lettsalta vatn. Hell av vatnet.
 
 Rist mjølet ut i lettmjølka, kok opp og la sausen småkoke i nokre minutter før den smaksettes med salt, pepper og eventuelt karri eller muskat. Tilsett grønnsakene. Gi stuingen et oppkok.
Server med kokte poteter.










mandag 5. mars 2012

Bakt torsk med sprø topping og mosede erter

Mandag er jo stort sett fiskedag. Eg er tilhenger av å ete fisken sånn som eg har gjort i alle år, lettsalta med poteter eller stekt med poteter.... Men dette blir jo litt kjedelig i lengden. Tenkte derfor å prøve noko nytt i dag. 

Dette treng du til 2 porsjoner:
400g reinskåret torskefilet
40g chorizo pølser
50g bacon
salt og pepper

Til mosede erter treng du:
2 ganske store poteter
300g frosne erter
1 brokkoli
1ss smør
1/2ss olivenolje
1ts mintsauce fra glass

Sånn gjer du det :-)

Kvern over litt pepper på fiskefiletane. Legg dem i en langpanne.
Sett dem inn i en forvarmet ovn på cirka 160°C, og bak dem i 10-12 minutter, litt avhengig av kor tjukke filetane er.



Hakk chorizopølse i små biter og skjær baconskivene i biter.
Stek baconet gyllent i litt olje. Tilsett så chorizobitene og litt meir olje og stek videre i noen små minutter.
Hald varm frem til servering.

Skrell poteten og kutt i like store biter. Kok sammen med litt salt.

Kutt av stilken på brokkolien og ha den også i sammen med potetene.

La koke til potetene er møre. Ha så i ertene og brokkolitoppene. Ha på lokket igjen og kok litt vidare. 
La grønnsakene renne av og dampe seg tørkt.. dette tar ett par minutt. Ha så i smør, olivenolje, salt og pepper, mintsaucen og mos alt sammen.



Legg ertemosen på ett porsjonsfat og legg torskefiletene på toppen. Legg så over chorizo/bacon-blandingen med godt med olje. Dette er ikke noen slankemiddag!




onsdag 1. februar 2012

Slaters Fish Chowder

Eg bare elsker ei god, fyldig, krema fiskesuppe som er så tjukk at det nesten blir som ei fiskegryte.
Har tatt meg den frihet å lage min egen versjon av ei fiskesuppe som eg fann i ei av Lars Barmen sine kokebøker.

Dette treng du til 4 porsjoner:
2 gulrøtter
2 poteter
1 purreløk
200g sellerirot
100g torskefilet
100g laksefilet
100g seifilet
90g pillede reker
Litt graslauk
1l fiskekraft ( eller buljong )
3ss mazenna, lys
4ss smør
1dl kremfløyte
1ts sukker
1ts eple-eddik
2ss kvitvin

Sånn gjer du det:
Skrell og kutt alle grønnsakene i fyrstikklange staver eller i tynne skiver.
Skjær fisken i 2x2cm biter

Smelt smøret i ein kjele og fres grønnsakene på medium varme i 2-3 minutter.
Strø over maizennaen og vend inn. Rør så inn fiskekraft, fløyte, kvitvin og eddik.
La det småkoke i 15 minutt.
Tilsett fisk og la det trekke i ett par minutter til fisken er kokt.
Server i djupe skåler og ha over pillede reker, graslauk, salt og pepar.

Server med godt brød.
Eg brukar gjerne å servere mitt deilig Foccacia brød 

onsdag 11. januar 2012

Fisk i form, med potetlokk

Her i huset er vi glade i fisk og prøver å ha det iallefall 2-3 ganger i veka.

Denne retten er fin å lage dagen i forvegen. Kva for grønnsaker du har i kan du variere alt etter kva du har i kjøleskapet.
Bildet henta fra fishfanatics.co.uk

Dette treng du til 4-6 porsjoner
500g poteter, vasket og skåret i tynne skiver.
1 stor fennikel, i tynne skiver
400g fiskefilet ( eg bruker gjerne laks men du kan bruke kva som helst)
100g Parmesan eller annan hard ost, riv denne.
2 fedd kvitlauk som er fint hakka
1 lauk i tynne, tynne skiver
1dl grovt hakka persille
2,5dl crème fraiche
4ss olivenolje
100g norvegia, revet
salt og pepar.
Sånn gjer du :-)
Sett ovnen på 200°C. 
Kok de skivede potetene i salta vatn i nokre få minutt til dei blir mjuke.
Sil av kokevatnet i eit dørslag. Ha i litt olivenolje over potetskivene. 
Bruk ei ildfast form. Legg løk, fennikel og persille nederst i formen. Bitar av fisk oppå. Legg så eit lag potet og gjenta prosessen ein gong til. Pass på at du har nok potet
til eit lag på toppen.
Bland Crème Fraiche med kvitlauk, olje, salt, pepar og ostane. 
Hell det øve forma. 
Legg på det siste laget med potet og ha resten av osten over. 
Bruk eit stykke folie over formen dei første 15 minutta. 
Steikast i ca 25 minutt.

Server med ein grønn salat.