Viser innlegg med etiketten Tilbehør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tilbehør. Vis alle innlegg

torsdag 18. oktober 2012

Kvitlaukspotetmos

Ein god kvitlaukspotetmos passer til mykje forskjellig. Du kan bruke den som tilbehør til kylling, skinkesteik, biff.... Her er det berre å prøve seg fram :)

Dette treng du til 4 personer:
1,5kg poteter
2dl mjølk
6 fedd med kvitlauk.
1-2ss Kesam

Slik gjer du det:-)

Skjær 2 kvitlauksfedd i tynne skiver. Varm opp 1 ss olje i ei liten panne over svak varme. Ha i dei skivede kvitlauksfedda og sauter til dei er mjuke, ca. 10 minutter. Sett tilside.
Kok potetene og dei resterende 4 hvitløksfeddene i en stor kjele med kokende og saltet vatn til potetene er møre. Hell av vatnet. Ha dei kokte potetene og kvitlauken, den sauterte kvitlauken i den samme kjelen. Mos til du får ei mjuk stappe, tilsett kesam til du får en kremete konsistens. Smak til med salt og pepar. Ha i en serveringsbolle eller fat. Strø over med den finhakkede persillen og server.




onsdag 17. oktober 2012

Brun Saus

Mange spørs meg på oppskrifter på brun saus. Eg seier som sant er at eg ikkje har ei spesiell oppskrift for eg lager den bare på "gefylen".
I dag når eg lagde kjøttkaker så skreiv eg ned det eg brukte og dette vart en veldig bra saus så kanskje mine kjære lesarar kan bruke den.

Dette treng du til ca 4 porsjoner:
1,5ss Kveitemjøl
1ss Margarin
3dl buljong eller kraft
2krm salt
2krm pepper
nokre dråpar sukkerkulør

Slik gjer du det:-)
Brun margarin i steikepanna. (Dersom du akkurat har steikt kjøtt, kjøttkaker eller lignende så kan du gjerne bruke rester av fett, kraft osv i stadenfor margarin.)
Ha i mjølet og rør på middels varme til blandinga er lysebrun.
Ha jevninga i ei panne. Spe i halvparten av væsken. Rør godt. Spe i resten. Kok opp.
La sausen småkoke i 5-10 minutt. Smak til med salt og pepar. Ha evt i nokre dråpar sukkerkulør for fargens skuld.

tirsdag 31. januar 2012

Heimelaga Ertestuing

Ertestuing høyrer med til dei tradisjonsrike norske rettane kjøtkaker og sosekjøt. Her på Sunnmøre er det også ein del som bruker dette attåt pinnekjøttet på julafta. Det gjer ikkje eg men det må allikavel lagast siden andre i familien likar det :-)

Dette treng du til 4 porsjoner:
3dl Tørka grønne erter
1ts salt
2ts sukker
1ss smør
Bildet er lånt av fotosearch.com


Sånn gjer du det:
Legg ertene i vatn natta over.
Hell av vatnet og ha ertene over i ei kasserolle. Tilsett vatn til det dekker ertene
og og kok til dei er møre. Dette tar ca 1 time.
Mos ertene godt og smak til med salt, sukker og pepper.
Vend inn smør til slutt.
Ailin's heimelaga ertestuing


onsdag 25. januar 2012

Heimelaga potetstappe

Ei god heimelaga potetstappe passer til det meste. Slik lager eg min

Dette treng du til 4 personer:
1,5kg poteter
2dl mjølk
3ss smør

Slik gjer du det:-)
Skrell potetene og del i fire. Ha potetene i ei panne og hell på vatn til det dekker potetene. Kok potetene møre. Hell av kokevatnet og mos potetene med en stappar eller bruk ein stavmikser. Rør inn smør i den varme potetmassa. Spe med mjølk til potetstappen får ønska konsistens. Smak til med salt og pepper rett før servering.

Forslag til smakstilsetningar:

1 lite selleri, skrelles og kokes sammen med potetene. Smaker godt til for eksempel lammestek. 

Persillerot, skrelles og kokes sammen med potetene. Gir ekstra god smak.



mandag 9. januar 2012

Foccacia Brød

Foccacia er ett av mine favorittbrød.Fordi det er så utrulig enkelt å lage men det er også supergodt. Kan fint frysast ned.




Du treng:

50 g gjær
7 dl lunka vatn
3+1ss olivenolje
1 ts grovt havsalt
ca 14dl kveitemjøl
1/2ts sukker

Til topping:
2 ss olivenolje
2 ts grovt havsalt
3 ts frisk hakket rosmarin evt 1 1/2 ts tørket
Sånn gjer du :)
Rør ut gjæra i lunkent vatn. Tilsett 3ss olje, salt og sukker.
Elt inn mjøl. Deigen skal no ha en "Tjukk grautaktig konsistens".
Tilsett den siste skeia med olje heilt mot slutten slik at den smører seg rundt deigen.

Dekk bollen med plast og sett til heving i ca 30 minutt.
Hell over i bakepapirkledd lita langpanne.
Klapp deigen til den dekke formen.
Etterhev i ca 20 minutt.

Lag groper i deiga, hell over olje, grovsalt og rosmarin.

Steik nederst i ovnen på 200°C i 35-45 min.
Tips:
Legg gjerne på soltørkede tomater, fetaost eller annet fyll du vil ha.

Passer utmerket til supper, salater og gryter. 
Bildet er lånt fra Dinmat.no