søndag 16. september 2012

Helgars fristelse - Oreosvingar

Dette oppskrifta fann eg på Storemyras Matblogg og den såg så fristande ut at eg berre måtte prøve den.
Oreokjeks og oreokake er noko mannen i familien er glad i og eg skal vel innrømme at det smakar ikkje så aller værst. Bollane vart iallefall knallgode.
Dette treng du:
5 dl mjølk
100 gram smør
1 dl sukker
50 gram gjær for søte deiger
1 egg
1/2 ts kardemomme
Ca 1000-1100 gram kveitemjøl
FYLL:
125 gram smør
50 gram sukker
100 gram knuste oreokjeks 

Slik gjer du det :-)
Kok opp smør og mjølk, og kjøl deretter ned att til 37-40 grader, alt etter om du brukar fersk eller tørr gjær. Tilsett dei tørre ingrediensane i ein bakebolle eller kjøkkenmaskin. Slå i mjølkeblandinga og kakk i egget. Bland deigen saman og kna til du har ei glatt og smidig deig som slepp bollen.Ha ikkje i alt mjølet på ein gang, men elt det inn litt etter litt. Då har du kontroll på deigen og slepp å ende opp med knallharde, tunge og kompakte bollar. Nyttar du kjøkkenmaskin tek du og i mjølet litt etter litt, og let maskina jobbe til du har ei glatt og smidig deig som slepp bollen.
 Set deiga lunt til heving anten under lokk eller under plast til den har oppnådd dobbel størrelse, ca 1 time.  
Køyr smøret mjukt og tilsett sukker. Pisk til det vert lyst og luftig. Tilsett deretter oreokjeksa og bland godt inn.
 
Slepp deiga ned på bakebenken/bordet. Dryss mjøl over og kna deigen lett saman. Kjevle deretter ut til ein kvadratisk leiv.
 Smør fyllet over leiven rull sammen som ei pølse. 
Kutt i passe store størrelse, sett bollen på høykant og trykk den litt ned. Slik at det blir sjåande ut som ein kanelsnurr.

Steik på 200°C i 18-20 minutt.





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget