Viser innlegg med etiketten Sauser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sauser. Vis alle innlegg

torsdag 9. oktober 2014

Sosekjøt av lam

Eg trur kanskje at dei fleste lager sosekjøt av okse. Anbefaler dokke å prøve med lam. Det blir berre ein slik utrulig god smak. Enkelt er det også.
Her er ei oppskrift som passer til ca 4 personer:

  • 600g lammekjøt uten bein ( eg bruner det gjerne med beinet på for å få med den gode kraftsmaken)
  • 3ss smør
  • 3ss kveitemjøl
  • 1l vatn eller kraft
  • 1ts svart pepar
  • 1 laubærblad
  • 1ts salt
  • 2 løk
Sånn gjer du det:
Varm smør og mjøl til det blir nøttebrunt. Spe så med ca 7,5dl av væsken under omrøring. Husk at dette er varmt, så ta det pø om pø. Tilsett krydder
Del kjøtet i biter og steik det i små porsjoner. Kok steikepanna ut med resten av vatnet mellom kvar bruning. Ha kjøt og steikesjy over i sausen. 
Steik løkbåtane mjuke og lett brune og legg i panna.
La alt koke opp og trekk under lokk på svak varme til kjøtet er mørt. Ca 0,5-1 time.
Smak til med salt og pepar.

Server med Heimelaga potetstappe, kokte gulrøtter og kanskje litt hjemmelaget tyttebærsyltetøy? 










 


onsdag 17. oktober 2012

Brun Saus

Mange spørs meg på oppskrifter på brun saus. Eg seier som sant er at eg ikkje har ei spesiell oppskrift for eg lager den bare på "gefylen".
I dag når eg lagde kjøttkaker så skreiv eg ned det eg brukte og dette vart en veldig bra saus så kanskje mine kjære lesarar kan bruke den.

Dette treng du til ca 4 porsjoner:
1,5ss Kveitemjøl
1ss Margarin
3dl buljong eller kraft
2krm salt
2krm pepper
nokre dråpar sukkerkulør

Slik gjer du det:-)
Brun margarin i steikepanna. (Dersom du akkurat har steikt kjøtt, kjøttkaker eller lignende så kan du gjerne bruke rester av fett, kraft osv i stadenfor margarin.)
Ha i mjølet og rør på middels varme til blandinga er lysebrun.
Ha jevninga i ei panne. Spe i halvparten av væsken. Rør godt. Spe i resten. Kok opp.
La sausen småkoke i 5-10 minutt. Smak til med salt og pepar. Ha evt i nokre dråpar sukkerkulør for fargens skuld.

mandag 9. januar 2012

Klassisk Bolognese

Denne Bolognesen bruker lang tid på komfyren. Eg lager den i store porsjoner og fryser ned. Den kan og holde seg i kjøleskap i ett par dager. Det tar like lang tid å lage en porsjon som fleire porsjoner så gjer det enkelt og lag fleire middager i slengen :-)




Dette treng du:
4-6ss Olivenolje
3 gulrøtter som er fint hakka

1 finhakka chili u/frø
2 hakka lauk
4 fedd kvitlauk
1dl Italiensk panchetta eller Bacon i terninger
1/2ts muskat
3dl buljong ( eg bruker kyllingbuljong )
1kg Karbonadedeig
4ss Tomatpuré.
2ts provencekrydder
4 bokser grovhakka tomater
salt og pepper.




Sånn gjer du det:
Ha oljen i ei steikepanne og steik grønnsakene blanke i ca 5 min.
Hell dei over i ei romslig kasserolle.
La steikepanna bli veldig varm og steik karbonadedeig og bacon
i to omganger slik at det blir brunt og fint.
Ha det i kasserolla sammen med grønnsakene.
Tilsett krydder tomatpuré,buljong og tomater.
Kok på svak varme i minst 1 1/2 time. 
Server med spaghetti og fersk parmesan.
Og gjerne saman med deilig Foccacia-Brød