torsdag 14. juni 2012

Campingkake med sjokolade

Den siste veka har eg vore på campingvogna for meg sjøl. Stille og fredelig. Eg har riktig fått slappa av.
I morgon kjem min kjære for å være sammen med meg i helga og da tenkte eg at eg måtte prøve den nye hybelkomfyren til å mekke i hop ei sjokoladekake.



Dette treng du:
4 egg
5dl sukker
300g smør
9dl kveitemjøl
2ts bakepulver
4ss kakaopulver
3dl heilmjølk

Til glasuren treng du:
3,5dl melis
2ts kakao
100g smør
2ss nugatti
1ts vaniljesukker
3ss sterk kaffi

Sånn gjer du det :-)

Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Tilsett smelta smør

Vend i kako

mjøl og bakepulver forsiktig i deigen.

Tilsett mjølka og bland godt. 

Hell røra i ei bakepapirkledt langpanne 30x40cm

Steikast på nederste rille ved 180 grader i 30-40 minutter

Bland sammen ingrediensane til glasuren og spre denne over kaka.
Pynt etter ønske.

Sia eg er på camping så vart det ikkje så mykje pynting med meg men eg er sikker på at kaka smaker akkurat like godt uansett.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget