Viser innlegg med etiketten Lavkarbo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lavkarbo. Vis alle innlegg

søndag 8. juli 2012

Grillspyd med svinekjøtt og tilbehør

Mesteparten av fridager på sommeren blir brukt på campingvogna som står på fast plass i Hornindal, Sogn og Fjordane. Der slapper vi av, har late dager og det blir relativt lite matlaging. Mykje grilling og til tider blir det veldig lettvindt. I helga slo eg til med grillspyd og det vart en suksess hos min bedre halvdel.

 

Først la eg ca 400g ytrefilet av svin i en marinade som bestod av:

4 ss finhakka frisk rosmarin
3 båter finhakka kvitlauk
2 finhakka sjalottlauk
 1 ss finhakka sitronskall
3/4 dl sitronsaft
3/4 dl olivenolje
3/4 dl Dijonsennep
3/4 dl soyasaus
2 ss chilisaus 


I marinaden fikk kjøttet ligge og godgjøre seg over natta. 
Kappa kjøttet i like store biter og hadde det på grillspyd saman med raudlauk og paprika.

La dette på grillen og lot det ligge først på sterk varme til kjøttet fikk farge. La det så over på indirekte varme og lot det steike til kjøttet var gjennomsteikt.

Som tilbehør lagde eg ein salat som bestod av:
Isbergsalat
Mais
Ananas 

I tillegg tok eg 400g perletomater som eg la i folie saman med salt, pepper og olivenolje. Pakka dette godt inn og hadde det liggende på grillen til saften begynte å piple av tomatene.

Alt dette vart servert saman med litt kokt ris.

lørdag 11. februar 2012

Biffsnadder med kremede grønnsaker

Biffsnadder er jo ein typisk rett her i Norge. Eg har laga en litt annan variant av denne.
Her kan man velge å bare bruke grønnsaker som tilbehør for ett lavkarboalternativ.

Dette treng du til 4 porsjoner:

300gram strimla biffkjøtt
1 raud paprika

Ein halv squash
Ein raudlauk
4 sjampinjonger eller anna sopp

300gram frosne grønnsaker ( f.eks amerikansk blanding )

3dl kremfløyte
Smør
Salt og pepar

Sånn gjer du det :-)

Steik kjøtet. Gjer det i tom omgonger på relativt svak varme.
Fres grønnsakene i ei panne med smør
 Legg kjøtet sammen med grønnsakene og steik til kjøtet er mørt.
Det tar 5-10 minutt avhengig av kjøtet. Trekk steikepanna halvveis av plata men hold maten varm.

Kok opp dei frosne grønnsakene etter anvisning på pakken. Sil av vatnet og steik grønnsakene i ei panne med smør. Tilsett kremfløyte. La småkoke litt og smak til med salt og pepar.


Eg har valgt å servere denne med pommes noisettes men du kan som tidligare nevnt kutte ut potetene, eller bruk ovnstekte poteter.

God fornøyelse!

onsdag 11. januar 2012

Laks med Urtesaus ( Lavkarbo )

Eg er ikkje blant dei som har hevet meg på lavkarbobølga. Dog ser eg at ein del av maten eg lagar vil passe godt for lavkarbo-fans. Eg brukar poteter eller rotmos attåt denne lakseretten men det går fint å bruke berre grønnsaker eller salat :-)

Dette treng du til 4 personer:



 800g Laksefilet, delt i 4 stk
salt og pepar
Smør til steiking

Saus:
1 vårlauk, finhakka
2ss finhakka timian
2ss finhakka persille
2ss smør
3dl fiskebuljong
1dl fløyte
salt og pepar

Slik gjer du :-)
Start med sausen
Fres vårlauk og urter i smør over middels varme i ca 3 min.
til vårlauken blir mjuk.
Hell over buljong. Kok til buljongen er redusert til halvparten. 
Ha i fløyte og la sausen småkoke i ca 2. minutt. 
Krydre med salt og pepar.
Hold sausen varm på svak varme.

Salte og pepre fiskestykka. 
Steik fisken i smør, 3-4 min. på kvar side.

Fordel fisken på fire tallerkener og hell den grøne sausen over.
Server med godt brød, ris eller poteter.Evt for eit lavkarbo alternativ berre med salat.
Er så skjelven på handa i dag at oppstillinga på tallerken vart ikkje så fin