Viser innlegg med etiketten Kvardagslykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagslykke. Vis alle innlegg

onsdag 31. oktober 2012

Dreamy Chocolate, banana and dots cupcakes

Dette er ei oppskrift som stammer frå Manuelas passionforbaking. Eg har gjort den litt om til å passe bedre til det eg hadde i skapa mine. Dei er så gode at du treng egentlig ikkje å ha på nokon icing, krem eller anna stasj. 

Dette treng du til ca 30 vanlige cupcakes:
200 gram smør
3 dl sukker
4 egg
5 dl vaniljesaus
500 gram mjøl
2 ts bakepulver
100 gram sjokolade
2 modne bananer
1 pk dots kjeks.
Sånn gjer du det:-) 
 Miks smør og sukker heilt mjukt og "fluffy"
Tilset ett egg om gangen
og miks mellom kvart egg i 1-2 minutt.
Sikt mjøl og bakepulver minst 3 ganger….
Bland mjøl-blandinga
og vaniljesausen i røra og rør det godt sammen 
 
til ei smooth blanding
Mos bananene,

 del Dots kjeksa i små biter og hakk sjokolade.


Hell det i røra, 

og rør det godt sammen.
Legg cirka 1 iskrem skei med røre i kvar cupcake form. 
Steik på 200°C i cirka 20-25 minutter.
Avkjøl heilt etter steiking.  


















     

søndag 9. september 2012

Banoffee pie

Denne helga har det vært kaldt. Det har hagla, det har vært solskinn, det har regna og det har vært kaldt.
Lørdagen vart brukt til å ommøblere heile stova. For å belønne oss sjølv tenkte eg at eg skulle prøve den tradisjonelle engelske Banoffee Pie. Dette er ei kake som eg har sett på mange Matprogram på BBC men eg har aldri prøvd å lage den. 
Her er iallefall oppskrifta så du kan prøve du også. OBS OBS teller du kalorier så kan du nok bare bla videre til ei anna oppskrift :-)
Dette treng du:
Til Botnen:
250g digestive kjeks, ingefærkjeks eller lignende.
100g smør

Til karamellen:
175g smør
150g sukker
1bx Kondensert mjølk ( Vikingmelk eller lignande) Eg kjøper mine på AsiaShop.
Bruker du mjølk som allerede er sukret så reduser smør og sukker til 100g pr del.

2 bananer i skiver
3 dl kremfløyte
Raspa sjokolade, evt sjokoladeflarn eller daimkuler

Sånn gjer du det :-)
Bunn:
Smelt smør og knus kjeks. Bland dette sammen.
Press det utover en paiform eller springform med laus botn. Avkjøl i minst 30 minutter mens du lager toffee.

Toffee:
Bland smør og sukker i ei teflonbelagt panne og varm det på svak varme til smøret er smeltet og sukkeret er oppløst.

 Hell i kondensert mjølk. Kok opp på middels varme mens du rører uavbrutt. La det småkoke til det har lys karamellfarge, ca 30 minutter. Rør av og til.

Hell det over kjeksbotnen og avkjøl i kjøleskap til kort tid før den skal serveres.

Pisk krem.

Løsne kaka fra formen og legg den på kakefat. Legg bananer i skiver utover kaka, hold av litt til pynt. Dekk kaken med krem og pynt med bananskiver og sjokoladestrø.













mandag 27. august 2012

Saftig plommekake

Eg merker det i kvar del av kroppen min. Det nærmar seg haust. Stiv og støl av rå kveldskulde men framleis har vi sol og gode dagar.  Man skal kose seg om hausten. I mørket skal man nyte ein kopp te og eitt lite kakestykke. Gjerne ett kakestykke som er metta av frukt. Vanligvis er det eplekaker eg pleier å lage men i helga var eg på Stårheim og kjøpte fem kilo plommer. Då tenkte eg at eg skulle no prøve å lage ei god plommekake. Etter prøving og feiling så vart det til denne oppskrifta.

God fornøyelse!



Til kaka treng du:
160 g smør
145 g sukker
3 egg
1 dl mjølk
240 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
2ts vaniljesukker
ca. 450 g plommer
2-3 ss perlesukker 


Sånn gjer du det :-)
 Pisk smør og sukker lyst og luftig.   
 Rør inn ett og ett egg.   

 Tilsett mjølka vekselsvis med mjøl iblanda bakepulver.
                       

           
 Hell røra i ei smurt form, ca. 24 cm i diameter.

Del plommene og ta ut steinene. Dekk formen med halve plommer og fordel dem i formen. Dryss over perlesukker. Steik kaka på nederste rille i steikeovnen ved 175 °C i 50-60 minutter.


 Kaka slepp kanten av formen når den er ferdig. Avkjøl kaka i formen eller server den lun med pisket kremfløte.




onsdag 29. februar 2012

Skotårsbollar



No har det vært ein lang bloggpause på meg. Har først hatt meg ei veke ferie i Egypt... uten kamera av alle ting, etter dette vart eg sjuk og mat/blogg har ikkje vært prioritert. No på skotårsdagen føler eg meg derimot mykje betre og eg feirer med å lage kanelbollar.

Dette treng du til ca 40 stk.
50g gjær (evt 25g tørrgjær)
75g margarin
75g smør
5dl melk
1/2ts salt
1,5dl sukker
2ts kardemomme
1 egg
ca. 1,5l kveitemjøl

Til fyllet treng du:
75g margarin eller smør
1dl sukker
2ts malt kanel

Slik gjer du det :-)
Smuldre gjæret i bakebollen. Smelt fettet, tilsett melken og varm til 37°C. Hell litt av væsken over gjæren og rør til oppløst. ( Bruker du tørrgjær blander du den i alle de tørre ingrediensene. Fettet og melken varmast til 45-50°C )







Tilsett resten av væska, saltet, sukkeret, kardemomme, egget og det meste av kveitemjølet.


Arbeid deigen smidig til den slepp bakebollen. Strø over litt mjøl. Dekk bollen med et klede og la heve på lunt sted til dobbel størrelse.  Beregn 30-40 minutter. 

Bland ingrediensane til fyllet og rør sammen til en smørbar masse. 

Elt deiga et par minutt i bollen. Ta den ut på eit bakebord som har litt mjøl på seg. Elt inn meir mjøl. Deigen er ferdig elta når den slepp bakebordet og hendene.



Del deigen i to. Kjevl kvar del ut til ei avlang leiv. Fordel fyllet på leivene. 
Rull dei saman frå langsida. Skjær dem i ca 2cm biter. 
Legg med snittflata opp på bakepapir.



La etterheve under klede til dobbel størrelse, ca 20-30 minutter. 
Pensle med vispa egg. 
 

Steikast på 250°C i 8-10 minutt.

Pynt gjerne med Melisglasur

tirsdag 31. januar 2012

Sveler

Dei fleste gardar på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane har sine eigne oppskrifter på Sveler.
Denne fann eg i boka til besta mi. Ho var opprinnelig frå Bergen men har nok fanget opp ei god oppskrift.

Dette treng du:
90g smør
100g sukker
300g kveitemjøl
2 egg
1/2l kefirmjølk
1/2ts natron
1ts hornsalt

Slik gjer du det:
Smelt smøret.
Bland sukker, mjøl og egg i smøret.
Tilsett resten av ingrediensane og la røra svelle i 30 minutt.
Steik sveler på 10cm i diameter eller større. Her kan det være lurt å bruke steiketakke så får du steikt fleire om gangen.

Server med smør og sukker, eller syltetøy. Rømme er også godt på :-)
Bildet er lånt av regjeringen.no



Muffinshumør

Eg hadde egentlig lova meg at eg ikkje skulle hive meg på denne cupcake bølgen som går. Dog er eg glad i sjokoladekaker, og sjokolademuffins er himla enkelt å lage så det vart til at eg laga nokre stykker i dag også med to forskjellige typer Smørkrem på. En krem med Peanøttsmørsmak og en med Kvit sjokolade og vanilje. Om eg skal sei det sjølv så vart dei himla gode.


Sjå dei søte muffinsformene.....
Eg brukte muffinsoppskrifta mi fra forleden dag: http://slatersmatblogg.blogspot.com/2012/01/kvardagslykke-sjokolademuffins.html
Før steiking

Til den lagde lagde eg ei grunnoppskrift på Icing.

Du treng:
100 margarin (evt bruk 50g smør)
300g sikta melis

1ts vaniljeekstrakt eller 1,5ts vaniljesukker
3ss melk, vatn, juice eller anna væske.

Sånn gjer du det:
Pisk margarinen og melisen til en mjuk, deilig krem.
Bland i vaniljeekstrakt






Bland i væske litt etter litt til kremen er luftig og lett å jobbe med.

Eg tilsatte så 50g smeltet sjokolade og litt blåfarge sammen med halve smørblandingen.
Den andre halve blandet eg med 50g peanøttmelts og svart farge.




























































































































































































































































































































































torsdag 26. januar 2012

Surmelkskake

Denne kaka var den første kaka eg lagde etter at eg flytta for meg sjølv. Den gode krydderlukta gav meg heimlengsel men den gode smaken gjorde at eg kosa meg godt, akkurat der eg var. Slik er det framleis....

Dette treng du:

7,5dl Surmjølk
9-10dl kveitemjøl

7,5dl sukker

3ts kanel

1ss natron og 3ts malt nellik




150gram smelta smør
3ss syltetøy. Bruk kva du vil men vær obs på at blåbærsyltetøy kan gi kaka ei rar farge.

Sånn gjer du det:-)
Bland alle ingrediensane og rør sammen til ei glatt deig. 
Smør ei stor langpanne og steik kaka på 200°C i 35-40 minutt.



 

Veit at enkelte bruker glasur på slike krydderkaker, det gjer ikkje eg :-) Men uansett så er her ei lita oppskrift på det:

Glasur:
300 gr melis
3 ts vaniljesukker
6 ss smeltet smør
6 ss sterk kaffe
2 ss kakao(pulver)