Viser innlegg med etiketten Lam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lam. Vis alle innlegg

søndag 9. september 2012

Barmens Lammefrikassé


 Fårikålkjøttet er i butikkane. Då er det haust. Endå betre enn fårikål syns eg frikassé er. Med ein god saus på og gode grønnsaker. Oppskrifta mi har eg funne i Lars Barmens kokebok som rett og slett heiter Norsk Mat. Det er ei kokebok som eg bruker mykje og kan absolutt anbefale.
Dette treng du til Lammefrikassé til 4 personer:
1kg lammekjøt med bein
2 fedd kvitlauk
50g sellerirot
1 liten lauk
1 gulrot
Kokte poteter til servering.
Til sausen treng du følgande:
3ss smør
3ss mjøl
1dl kremfløyte
2 gulrøtter
1 lauk
1/2 purrelauk
salt og pepar

Slik gjer du det :-)
Skjær lammekjøtet i grove terningar. Legg dei i ei panne med kokande vatn. Gi ett oppkok og sil så av vatnet. Tilset nytt kaldt vatn og kok opp. Skrell kvitlauk, sellerirot, lauk og gulrot og kutt i grove bitar. Tilset grønnsakene i panna. Skum av evt fett og skum og senk temperaturen. 
La kjøtet trekke til det er mørt. Ca 1-1,5 time.
Sausen lagast ved at smør og mjøl frasast godt i ei panne. Spe med kokande lammekraft under omrøring til passe konsistens. Skrell og skjær gulrot, lauk og purrelauk i skiver og kokdei i sausen i 5 minutt. Tilset fløyte og kjøtet i sausen. Smak til med salt og pepar.
Server med kokte poteter.