Viser innlegg med etiketten Pizza. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pizza. Vis alle innlegg

fredag 3. februar 2012

Nachos Pizza

I det siste har det gått mykje reklame for den nye gradiosaen Nachos Pizza.
Dette fant eg ut at eg måtte lage sjølv fra botnen av. Så i dag blei dette prøvd.

Dette treng du til ein god, tjukk pizzabunn:
3dl lunka vatn
1ts salt
0,5 pakke tørrgjær
7dl kveitemjøl
3ss olje

Slik lagar du deigen:-)
 Elt sammen alt bortsett fra oljen. Lag til ei glatt og smidig deig.
Tilsett så oljen og kna godt.
Settes til heving på lunt sted i ca 1 time.

Dette treng du til pizzasausen:
1 boks hermetiserte, grovhakkede tomater
3ts Tomatpure
1ss Olivenolje
3 fedd kvitlauk
1 vanlig gul lauk
salt og pepper
0,5ts oregano
1ts paprikapulver


Slik lagar du pizzasausen:-)
Ha oljen i en kjele. Varm godt og tilsett lauk og kvitlauk. Fres til løken er blank og mjuk.
Tilsett tomater og tomatpure. La det koke i ca 15 minutt.
Tilsett kryddera og smak til med salt og pepper.

Pizzafyll:
400g karbonadedeig

0,5boks mais og 1 raudlauk
2-3 tomatar
Nachos eller tortillas chip etter smak

Toppes med ca 300g revet ost


Steik på 200°C i ca 25-30 minutt

lørdag 28. januar 2012

Lørdagspizza

Denne kvelden skal vi bruke saman med gode vener. Kortspill og pizza er en fin kombinasjon.

Siden ein del av vennane mine var litt skeptiske til pizza med creme fraiche så lovte eg at eg skulle lage denne og ta med så dei får smake. Blir dog litt annen variant i dag enn sist med fyllet. Kan jo ikkje ha same smaken heile tida ;)

Dette treng du:
PIZZADEIG:
3,5 dl vatn
Ca 7 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts bakepulver
50 gram gjær
5 ss olivenolje
Slik gjer du med deiga :-)
Bland saman dei tørre ingrediensane og tilsett lunka vatn. Elt innn mjølet litt etter litt. Bruk ikkje meir enn nødvendig. Ein grei hovudregel er at det er betre at deiga er laus og litt klissete, enn hard og kompakt. Set deretter til heving til deiga har dobbel størrelse.
No hadde eg deig klar i fryseren så du får nok ikkje sjå korleis eg gjer det i dette innlegget men skal nok komme tilbake til det i eitt seinare innlegg. Eit tips er altså å lage fleire pizzabotner når du først baker frys dei ned stykkevis :-)
 Til fyllet treng du:
1 boks creme fraiche
  2 raude chili
2 kyllingfiletar som har lagt i marinade av olje, salt, pepper, chilipulver og paprika
200g bacon
Salt
Peppar
8-10 skiver chorizopølser
10 perletomatar
1/2 purre
1 raudløk
300gram reven ost. 
Bruk den du likar best, personlig syns eg mozzarella er den beste på pizza.

 Slik lager du fyllet :-)
Finhakk chilien og rør den inn i creme fraichen. Dersom du vil ha ein mild versjon, tek du ut frøa. For ein hottare versjon beheld du frøa. Smør blandinga utover pizzadeigen.
Del kyllingfiletane opp i strimlar og legg dei i ein pose. Ha i 2ss olivenolje, 1ts chilipulver, 2ts paprikapulver, salt og pepar. Steik deretter raskt i olje slik at dei får ei fin steikeskorpe rundte det heile.
Steik også baconet. Fordel utover pizzadeigen. Strimle opp chorizopølsene og fordel utover. Del perletomatane i to. Skjær løken opp i halve ringar og paprikaen i litt kraftige strimlar. Fordel alle grønnsakene utover pizzaen og topp med osten.

tirsdag 17. januar 2012

Pizza med creme fraiche, kylling og chorizo




Ein av mine favorittblogger er Storemyras Matblogg. Der har eg fleire gonger sett oppskrift på ein pizza kor ein bruker creme fraiche i staden for tomatsaus. Dette fant eg ut at eg måtte prøve :-)

Dette treng du:
PIZZADEIG:
3,5 dl vatn
Ca 7 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts bakepulver
50 gram gjær
5 ss olivenolje

Slik gjer du med deiga :-)
Bland saman dei tørre ingrediensane og tilsett lunka vatn. Elt innn mjølet litt etter litt. Bruk ikkje meir enn nødvendig. Ein grei hovudregel er at det er betre at deiga er laus og litt klissete, enn hard og kompakt. Set deretter til heving til deiga har dobbel størrelse.

No hadde eg deig klar i fryseren så du får nok ikkje sjå korleis eg gjer det i dette innlegget men skal nok komme tilbake til det i eitt seinare innlegg. Eit tips er altså å lage fleire pizzabotner når du først baker frys dei ned stykkevis :-)

 Til fyllet treng du:
1 boks creme fraiche
1 raud chili
2 kyllingfiletar
Salt
Peppar
8-10 skiver chorizopølser
10 perletomatar
1/2 purre
1/2 boks mais
300gram reven ost. 
Bruk den du likar best, personlig syns eg mozzarella er den beste på pizza.


 Slik lager du fyllet :-)
Finhakk chilien og rør den inn i creme fraichen. Dersom du vil ha ein mild versjon, tek du ut frøa. For ein hottare versjon beheld du frøa. Smør blandinga utover pizzadeigen.
Del kyllingfiletane opp i strimlar og kryddre dei. Steik deretter raskt i olje slik at dei får ei fin steikeskorpe rundte det heile. Fordel utover pizzadeigen. Strimle opp chorizopølsene og fordel utover. Del perletomatane i to. Skjær løken opp i halve ringar og paprikaen i litt kraftige strimlar. Fordel alle grønnsakene utover pizzaen og topp med osten.