torsdag 2. oktober 2014

Lisøybuda's helt eigen fiskegrateng

Eg er lei av å kjøpe fiskeprodukter som nesten ikkje inneheld fisk. Derfor så lager eg det sjølv. 
Dagens middag vart ein fiskegrateng som er så full av godsaker at ein ikkje treng poteter attåt. Du kan sjølvsagt godt servere den saman med litt revne gulrøtter.

Dette trur eg du vil få den mest kresne til å ete... bare kall det makaronigrateng eller noe anna lurt ;)
Dette treng du til 6 porsjoner: 
  • 6dl kokt fisk (bland gjerne forskjellige fiskeslag)
  • 1,5dl sikta kveitemjøl
  • 500g kokt fullkornsmakaroni
  • 1ts revet muskat
  • 2egg
  • 3ss smør
  • 8dl mjølk
  • 1dl revet kålrabi
  • 2dl brødrasp
  • salt og pepar 
Slik gjer du det
Rens fisken for bein og kok makaroni som anvist på pakken
Smelt smør i ei panne, tilsett mjøl og rør godt. Tilsett mjølka litt etter litt og rør til du får ein glatt og fin saus. Ha i muskat og smak til med salt og pepar. 

Skill egga og pisk plommene inni sausen. Vær rast med piskinga slik at plomma ikkje skil seg. Og husk at det ikkje må koke etter du har hatt i egga. 

Bland fisk, kålrabi, makaroni og saus.

Pisk eggekvitene. Brett dei forsiktig inn blant resten og ha det heile i ei smurt, ildfast form. 
Ha på brødrasp.
Steik ved 200 grader i 40 minutt.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget