Havregraut eter eg til frokost minst 5 dager i veka. Det er lettvindt, det er sunt og eg syns det er
veldig, veldig godt. I tillegg så holder det meg mett lenge.
Til ein god frokost til deg sjølv treng du:
1dl lettkokte havregryn
1dl ekstralett mjølk
1dl vatn
1ss eplesyltetøy uten tilsatt sukker
kanel etter smak
Slik gjer du det:-)
Ha havregryn, kanel, mjølk og vatn i ei panne. Kok opp under omrøring. Skru ned varmen og la det småkoke i eit par minutt.
Ha i ei skål og fordel eplesyltetøy over den varme grauten.
Tips:
Istadenfor eplesyltetøy kan du bruke blåbærsyltetøy, nøtter, frisk frukt eller andre godsaker :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget