Når eg var liten så måtte vi alltid lage julemannja. Eg er egentlig ikkje så veldig glad i smaken av dei men det hørte liksom med. No har eg ein sambuer som syns det er veldig godt så dei siste åra har eg tatt opp att tradisjonen og det er blitt en av mine sju slag.
Oppskrifta er ei sånn "koppeoppskrift" Så lenge du bruker samme kopp til alt du måler opp så går det bra. Anbefaler dog å bruke store koppa :)
Denne gangen vart dei litt rare i fasongen, rett og slett for at man trenger litt armstyrke for å kjevle og der har eg ingen. Smaken er forhåpentligvis den samme så får dei heller være litt bulkete. Det er no forsåvidt dei fleste av oss menneske også :-)
Dette treng du til en normal porsjon:
1/2 kopp vatn
1 kopp sukker
2ts hornsalt
1/2 kopp smelta smør
4 koppa mjøl
Sånn gjer du det:-)
Rør saman avkjølt smelta smør, sukker,
vatn og halvparten av mjølet tilsatt hornsalt. Tilsett meir mjøl til deiga er passe tjukk.
Pakk inn i plast og la stå kaldt, gjerne natta over.
Sett ovnen på 180°C og finn fram ei steikeplate med bakepapir.
Kjevle deiga til den er ca 1/2cm tjukk og stikk ut figurer med pepperkakeformer.
Steik figurane i ca 10 minutt. Ta ut av ovnen før dei blir heilt gyldne.
Avkjøl og la dei tørke heilt før du evt dekorerer med konditorfarge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget