onsdag 11. januar 2012

Fisk i form, med potetlokk

Her i huset er vi glade i fisk og prøver å ha det iallefall 2-3 ganger i veka.

Denne retten er fin å lage dagen i forvegen. Kva for grønnsaker du har i kan du variere alt etter kva du har i kjøleskapet.
Bildet henta fra fishfanatics.co.uk

Dette treng du til 4-6 porsjoner
500g poteter, vasket og skåret i tynne skiver.
1 stor fennikel, i tynne skiver
400g fiskefilet ( eg bruker gjerne laks men du kan bruke kva som helst)
100g Parmesan eller annan hard ost, riv denne.
2 fedd kvitlauk som er fint hakka
1 lauk i tynne, tynne skiver
1dl grovt hakka persille
2,5dl crème fraiche
4ss olivenolje
100g norvegia, revet
salt og pepar.
Sånn gjer du :-)
Sett ovnen på 200°C. 
Kok de skivede potetene i salta vatn i nokre få minutt til dei blir mjuke.
Sil av kokevatnet i eit dørslag. Ha i litt olivenolje over potetskivene. 
Bruk ei ildfast form. Legg løk, fennikel og persille nederst i formen. Bitar av fisk oppå. Legg så eit lag potet og gjenta prosessen ein gong til. Pass på at du har nok potet
til eit lag på toppen.
Bland Crème Fraiche med kvitlauk, olje, salt, pepar og ostane. 
Hell det øve forma. 
Legg på det siste laget med potet og ha resten av osten over. 
Bruk eit stykke folie over formen dei første 15 minutta. 
Steikast i ca 25 minutt.

Server med ein grønn salat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget