søndag 16. september 2012

Svinesteik med sesongens rotgrønnsaker

Som mange av mine lesarar har skjønt så er eg ein stor tilhengar av tradisjonsmat. Det være seg norsk eller skotsk. Ein tradisjonell søndagsmiddag er jo svinesteika. Med sprø svor, deilige rotgrønnsaker og en smakfull saus har dette vore ein matrett å være glad i.
Mest sannsynlig så har kvar familie si eiga metode på korleis dei vil lage til denne svinesteika men slik gjer EG det :-)

Du treng til 6 personar:
 Ei Surra svinesteik på ca 1,5kg
Rotgrønnsaker, som t.d gulrøtter, pastinakk, persillerot
Purre eller vanlig lauk.
3-4 dl vatn
Salt og pepar.

Slik gjer du det :-)
 
Gni steika godt inn med salt og pepper.
Stikk steiketermometer inn på den tjukkaste delen.
Legg steika i ei form saman med rotgrønnsaker og vatn. ( Dette gir ei god kraft til å lage saus av seinare. Pass på å etterfyll vatn dersom det skulle minke)
Sett i forvarmet ovn på ca 160°. Det vil ta ca 2-2,5 timer å oppnå kjernetemperatur på ca 70°C .
Dersom svoren da ikkje er sprø så kan du sette steika under grill ei kort stund.
 
 Følg då nøye med frå sprø til brent tar bare eit lite sekund :-)




 Server med kokte poteter og ein god saus laga på kraft, krydder, fløyte og maizenna.




1 kommentar:

  1. Kan ein bruka rømme i staden for fløyte, eller vert det for surt?

    SvarSlett

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget