Siden ein del av vennane mine var litt skeptiske til pizza med creme fraiche så lovte eg at eg skulle lage denne og ta med så dei får smake. Blir dog litt annen variant i dag enn sist med fyllet. Kan jo ikkje ha same smaken heile tida ;)
Dette treng du:
PIZZADEIG:
3,5 dl vatn
Ca 7 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts bakepulver
50 gram gjær
5 ss olivenolje
Slik gjer du med deiga :-)
Bland saman dei tørre ingrediensane og tilsett lunka vatn. Elt innn
mjølet litt etter litt. Bruk ikkje meir enn nødvendig. Ein grei
hovudregel er at det er betre at deiga er laus og litt klissete, enn
hard og kompakt. Set deretter til heving til deiga har dobbel størrelse.
No hadde eg deig klar i fryseren så du får nok ikkje sjå korleis eg
gjer det i dette innlegget men skal nok komme tilbake til det i eitt
seinare innlegg. Eit tips er altså å lage fleire pizzabotner når du
først baker frys dei ned stykkevis :-)
Til fyllet treng du:
1 boks creme fraiche
2 raude chili
2 kyllingfiletar som har lagt i marinade av olje, salt, pepper, chilipulver og paprika
200g bacon
Salt
Peppar
8-10 skiver chorizopølser
10 perletomatar
1/2 purre
1 raudløk
300gram reven ost.
Bruk den du likar best, personlig syns eg mozzarella er den beste på pizza.
Slik lager du fyllet :-)
Finhakk chilien og rør den inn i creme fraichen. Dersom du vil ha ein
mild versjon, tek du ut frøa. For ein hottare versjon beheld du frøa. Smør blandinga utover pizzadeigen.
Del kyllingfiletane opp i strimlar og legg dei i ein pose. Ha i 2ss olivenolje, 1ts chilipulver, 2ts paprikapulver, salt og pepar. Steik deretter raskt i
olje slik at dei får ei fin steikeskorpe rundte det heile.
Steik også baconet. Fordel
utover pizzadeigen. Strimle opp chorizopølsene og fordel utover. Del
perletomatane i to. Skjær løken opp i halve ringar og paprikaen i litt
kraftige strimlar. Fordel alle grønnsakene utover pizzaen og topp med osten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget