lørdag 7. januar 2012

Helgas fristelse, Langpanne Suksess


Kvar veke så kjem eg til å legge ut en fristelse. Det kan være kake, dessert, konfekt eller noko anna godt.
Denne helga vart litt spesiell då Svigermor har bursdag og eg har blitt bedt om å lage min Langpanne Suksess til henne. Dette er ei Suksess terte som er laga i langpanna. Med andre ord er den nesten dobbelt så stor. I staden for flytande rennande gul krem på toppen bruker eg ein ganske fast, luftig krem.

Oppskrifta er som følger:

Mandelbotn:
6 eggekviter
300g melis
375g mandler, melt i food processor eller kvern.

Gul krem:
6eggeplommer
1,5dl fløyte
180g sukker
2ts vaniljesukker
200g smør

Sånn gjer du :-)





.Pisk eggekvitene stive.


Tilsett melis litt etter litt til massen blir blank og seig.
Tilsett mandlane forsiktig inn i marengsmassen.





Ha deiga i ei langpanne med størrelse 30x40 der bunnen er smurt







Steik i ovnen på midterste rille ved 175°C i ca 30.min.







Ha eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker i ein kjele og varm opp over svak varme under omrøring til kremen når kokepunkt og tjuknar.

 Kjøpte meg en slik visp på www.enklereliv.no. Det er ei utrulig hjelp når ein er svak i armane.
 Trekk kjelen raskt til side og avkjøl kremen i kaldt vatn.


 Visp inn romtemperert smør med handmikser til kremen blir luftig og lett.

Bre kremen i jevnt lag utover toppen av kaka.





Pynt ved å lage mønster med en gaffel eller anna egna redskap. Du kan gjerne ha over revet sjokolade, mandelflak eller kvifor ikkje moccabønner? Då blir iallefall MI svigermor glad :-)
God helg!

... Ditta vart dessverre ikkje den mest vellykka utgåva eg har laga av suksessen, men ikkje ein gong ein Mesterkokk kan få perfekt resultat kvar gong ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget