Eg er ein ivrig abonnent på ukebladet Allers. Mest pga alle oppskriftene man finner der men også pga kryssordet :-)
I det siste bladet var det med eit bilag om sjokoladekaker. Der fann eg ei kake som heiter Daimkake og den såg berre så god ut at eg måtte prøve den.
Dette treng du:
200g smør
200g daimsjokolade
1dl brun farin
1dl sukker
3 egg
1/2dl kakao
2dl kveitemjøl
1krm salt
Pynt:
1 1/2dl hakka hasselnøtter
Evt. Physalis
Sånn gjer du det :-)
Smelt smøret i ei kasserolle ( lageret mitt av smør var tomt så eg måtte kjøpe Fransk smør) |
Hakk sjokoladen, ta smøret av varmen og rør inn sjokoladen. |
Rør brun farin og sukker inn i blandinga
|
Bland i kakao, |
Mjøl, |
og salt ( sikte gjerne dei tre ingrediensane i) |
Rør til ei jevn røre.
Hell røra i ei smurt mjøla springform ( ca 22cm i diameter) |
Steik midt i ovnen i ca 10 minutter på 180°C
Strø over dei hakka nøttene og steik i ytterligare 15 minutt. |
Kaka skal ikkje være heilt fast i midten.
La den avkjølast før du tek vekk kanten på forma.
Skal ikkje være heilt fast i midten |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget